Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«På tur i Todalen» – Turmål nummer 25 på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. oktober 2021

Den digitale trimregistreringa «På tur i Todalen» går så det susar. I dag lanserer difor Trimgruppa den 25. turen, etter tips frå ein ivrig brukar. Om vedkommande tykte at 24 var eit uryddig tal, eller at det var fleire som burde ta den fine rundturen i Øyalia, som var grunnen skal ikkje seiast. Uansett er det no mogleg å registrere seg på Berga, kor ny og gammel skogsveg i Øyalia møtes. Registreringa «ligg» rundt benken her.


Kort om turen: 

«Fin rundtur, ca. tre km med litt stigning. Overkommeleg for dei fleste». 

Rutebeskriving: 

«Parker ved Ungdomshuset og følg skogsvegen til du kjem til eit vegkryss; tømmerbilvegen går vidare til venstre, eldste skogsvegen til høgre. Følg ein av desse vegane til du kjem til ein benk (Berga) med utsikt over bygda mot nord. Her kan du ta ein liten kvil og nyte utsikta. Følg same vegen du kom, eller gå runden og ned att den andre vegen. Ein tur for dei aller fleste på føtene, på sykkel, spark eller ski.»

«Tykkjer du dette er ein for lett tur, kan du også fortsette vidare oppover mot Tårnet (turpoeng), Skihytta (turpoeng) eller Bollknubben (turpoeng)».

Tilkomst og parkering:

«Køyr til Todalen ungdomshus og parker der».

Kartutsnitt for turen til Berga.


Her er nokre funfacts om årets turregistrering så langt:

Så langt har appen «På tur i Todalen» hatt ein eventyrleg respons etter kun vel tre vekers drift:

  • Det er til no 101 registrerte deltakarar i appen.
  • 70 av desse er aktive deltakarar med ein eller fleire registrerte turar.
  • I fjor den 23. oktober var det 323 registreringar fordelt på dei 11 manuelle trimbøkene.
  • I år var dette tallet på 440 i appen på samme turmål.
  • Totalt er det 650 registrerte trimturar fordelt på alle dei 24 turmåla (25 frå og med i dag).
  • På topp ligg Toåa tursti med heile 236 turar.
  • Sjå meir info om antal turar her: http://www.trimpoeng.no/i/paa-tur-i-todalen/uteposter/

Neste søndag, den 31. oktober klokka 17:30, blir dei totale tala for gammalt trim-år (1.10.20 – 30.9.21) kunngjort, saman med utdeling av krus til dei som har flest turar, og ein heldig uttrekt på kvar trimpost.

Møt difor opp på Todalen Idrettslag sin Idrettslagsbasar, som blir arrangert i Todalen ungdomshus mellom klokka 16:00 – 19:00, og sjå kven som blir dei heldige!

Er det ellers nokon som er usikre på dette med registreringa av trimturar i appen, er det berre å huke tak i Elinor B for rettleiing!

 

Publisert: 24. oktober 2021, 08:00