Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongslutt med trim og kaffepause

Jon Olav Ørsal Måndag 25. oktober 2021

Alt har si tid – no er det sesongslutt for Sanitetens «Kløverturar», som bortsett frå ein liten sommarferie har vore arrangert kvar veke gjennom sommarhalvåret.  Det er både god  trim og triveleg sosial kontakt for dei som har delteke på dette tiltaket gjennom sommaren. 

Praten går lett rundt kaffebordet – sosialt og triveleg tiltak i regi av Todalen Sanitetsforening. Frå venstre Jorunn Husby, Eli Bruset, Jorunn Ørsal, Arndis Søyset, Synnøve Talgø og Helen Saksen. Foto: Jon Olav Ørsal

Enkelte har møtt opp og delteke på kvar tur – medan andre har delteke når det har passa inn i timeplana og kanskje litt tilpassa samarbeidet med vêrgudane.  På siste turen var det 15-16 deltakarar som vart med på turen som hadde start og målgang ved Matkroken og målet var Todalen Tursti, med ein kort kaffepause ved gapahuken i Båthølen. 

Kjenner vi gjengen rett så blir det ikkje slutt med trimaktivitetane fordi om Kløverturane tek vinterferie.  Todalen I.L. har mange aktuelle turmål som nok blir bruka vidare utover hausten, så lenge det er farbart for vêr og føre.  Eller er også Hett & Svett ope for den som vil prøve seg på treningsstudioet utover vinteren.  

Men Saniteten takkar iallfall for ein triveleg og aktiv sommarsesong med Kløverturar, og ønskjer vel møtt igjen til ny sesong neste år – tid og stad blir annonsert her på Todalen.no i god tid før starten.  

Godt med ein liten kaffedråpe ved gapahuken i Båthølen, seier Sigrun Ørsal og Marit S. Søyset. Foto: Jon Olav Ørsal

Med Nils Gjeldnes som kjentmann vart det ein bra tur i turstien.  Frå venstre Liv Jorunn Moe, Synnøve Gjeldnes, Berit Kårvatn og Nils Gjeldnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. oktober 2021, 12:21