Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det finns ikkje dårleg vêr…

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. oktober 2021

Markus og Ådne trossar regnet og sluddbygene når dei brukar fritida si til fotball på lekeplassen i Bekkerhagan.  Midt på fotballbanen står det ei tjønn, så det gjeld å ha godt fottøy når det er aktivitet.  I går da det regna mykje mer var det enda ei stor tjønn her, fortel Markus og Ådne mellom avsparka. 

Markus og Ådne held aktiviteten i gang med fotball, men så snart det blir skiføre så blir det skiaktivitetar. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er liksom innspurt på fotballsesongen no, og bane og fotballveggen dei brukar ligg på lekeplassen.  Det er stor fotballinteresse i Bekkerhagan, så heimebanen til dei to heiter Goodison Park, og namnet er knytta til ein sponsoravtale, fortel Markus.  Goodison Park er heimebanen til Everton, men det har enno ikkje vore utbetaling av sponsormidlar i år, så dei to er litt skeptiske no.

Heile vinterferien har det vore fotball og kvar kveld må Markus og Ådne ha minst ei økt nå på tampen av sesongen – for så snart det blir skiføre, så bli det skiaktivitetar i staden for fotball utover vinteren…. 

Publisert: 23. oktober 2021, 11:42