Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kanskje kommer kongen?

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. oktober 2021

Ja, det er faktisk prosjektnamnet til NKS – Norske Kvinners Sanitetsforening – prosjekt som starta alt i 2019, og som går ut på å invitere nokon «som har levd ei stund» til lunch eller middag. Og som prosjektnamnet seier, så kan det faktisk være kven som helst.  – Kongen kom ikkje til Sanitetshuset på lunch, men det var det mange andre som gjorde.  Invitasjon var eit plakatoppslag på Matkroken, og førehandsomtale på Todalen.no. Dermed troppa det opp eit trettitals gjestar til lunch onsdag. 

Maren Ansnes er leiar i Todalen Sanitetsforening og ønska alle velkomne – ho sette pris på at så mange hadde funne vegen til Sanitetshuset for å delta i lunchen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er midlar frå NKS sentral som er ryggraden i dette prosjektet, som altså starta i 2019.  Todalen Sanitetsforening hiva seg på heilt frå starten, og dei har i denne perioden arrangert både middagar og lunsjar – fleire i talet.  Og dei kan rapportere god respons på tiltaket, og får gode tilbakemeldingar frå deltakarane.  Maren Ansnes som er leiar i Todalen Sanitetsforening fortel at det er omsorgsgruppa i laget som har regien på prosjektet, og dei legg ned mykje arbeid og er dyktige til å organisere både matlaging og servering. 

Mellom anna har Saniteten avtale med Surnadal kommune om å stå for servering til mannskap som deltek ved brann eller andre hendigar.  Da er det kjekt å ha litt øving i å lage mat i store posjonar, og ikkje minst ha eit kjøkken som har plass til at fleire kan jobbe samtidig, slik som i Sanitetshuset på Kvennset.  Når det nærmar seg jul vil det bli eit nytt arrangement, men da blir det servering av middag.

Eit trettitals lunchgjestar – på det næraste bordet har vi frå venstre Jenny Kvendset, Eilert Kjølstad, Wenche Kvendset og May Elisabet Holten. Foto: Jon Olav Ørsal

Praten gikk lett rundt bordet og folk tykte at dette var eit fint sosialt tiltak. Foto: Jon Olav Ørsal

Sanitetshuset på Kvennset. Huset ligg i tilknyting til dei 4 utleigeboligane som Todalen Sanitetsforening har, og er eit naturleg knutepunkt for Saniteten. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 27. oktober 2021, 16:09