Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tordenskjold songlag inviterer til Countrykveld

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. oktober 2021

Tordenskjold songlag inviterer til countrykveld i Myrvang forsamlingshus laurdag 30. oktober klokka 19:30. Tordenskjold er glade for at det er mogleg å arrangere sosiale samlingar att, og gler seg til å kunne synge for publikum. Billett kr. 250,- ved inngangen. 

Så er du over 18 år og har lyst til å høyre nokre «sviske» frå countrymusikkens mange musikkverk, er Myrvang forsamlingshus rette staden laurdag den 30. oktober klokka 19:30. Her vil du få høyre Tordenskjold som kor, grupper frå koret og solistar synge kjente og kjære countrysongar. 

Tordenskjold songlag.

Det blir sal av kaffe, kaker, hamburgarar, brus, øl og vin. Så du må vere over 18 år for å kunne delta denne kvelden. 

Tordenskjold ønsjer alle velkomne til ein hyggeleg countrykveld i Myrvang forsamlingshus!

Publisert: 22. oktober 2021, 14:30