Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julebord på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 22. oktober 2021

Julebordsesongen er like rundt hjørnet, og i år har vi tenkt oss til å prøve oss med julebord for første gong, seier Arve Evensen, som er vert på Todalshytta.  Han fortel vidare at dei to varmepumpene som vart installert på vårparten har gjort at vi har fått ein ny verden på Todalshytta, og no er det altså julebord som blir den neste utfordringa.

Første gong i historia at det blir julebordarrangement på Todalshytta som har bar med alle rettigheiter.

To store varmepumper og installasjon av nye omnar har gjort at det har vorte ei heilt anna «klima» på Todalshytta.  Når varmepumpene og omnane jobbar på lag er det ikkje noko problem å halde komfortabel temperatur innafor rimelege grenser.  Derfor har Arve lyst til å prøve seg med julebordarrangement – i første omgang er det aktuelt med arrangement for mindre grupper, slik at vi kan være sikre på at dette blir ordentleg opplegg.  Plana er at vi skal ta i mot bestillingar i november og desember, med opplegg etter nærare avtale.  Arve er litt spent på førjulsklimaet, og seier spøkefullt at dersom nasadråpen fryser fast, så må vi eventuelt sette inn tiltak. Men dette går nok bra.

Det blir nok meir stemningsfullt etter kvart når julebordsesongen startar. Foto: Jon Olav Ørsal

Julebordmenyen er klar, og og her vil det nok bli litt av kvart som får smaksløkane til å kome i julestemning.  Kort og godt vil det bli satsa på tradisjonell julemat og ikkje noko overdådig julefråtseri frå vår side, seier Arve som har komponert julebordmenye i lag med kjøkkenet.  Så er det berre å ta kontakt med Arve Evensen – enten på e-post arve@todalshytta.no  eller på telefon 929 97 550.   Her kan du laste ned menyen som PDF-dokument – eller lese menye nedafor!

Arve gler seg til å kome i gang med julebord på Todalshytta for aller første gong. Den første bestillinga er alt på plass, fortel Arve Evensen.

Publisert: 22. oktober 2021, 12:25