Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bygg Reis Deg 2021 – Talgø satsar friskt på messedeltaking

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. oktober 2021

Messedeltaking er ikkje noko nytt for Talgø, heller ikkje Bygg Reis Deg 2021 som blir arrangert på messeområdet på Lillestrøm frå i dag og ut veka.  I halvanna år har det vore unntakstilstad, og dermed har informasjon om nye produkt og pleie av kundar funne andre vegar i denne perioden som har hatt mest fokus på «covid 19» No er altså Talgøbedriftene på plass i gjen, med ein stor stand på messområdet.

Nytt på denne messa er nok spesielt av Talgø-bedrifta Melby Snekkerverksted er med i lag med dei andre Talgøbedriftene.  Nytt er også for såvidt at Talgø Møretyre er splitta i to selskap – Talgø MøreTre AS som produserer impregnert/royalbehandla materialer og Talgø Bygg AS som jobbar med elementproduksjon og driv entreprenørverksemd som foreksempel Talgø Tradbo.

Innspurt på monteringsarbeidet på Bygg Reis deg 2021 – snart kjem kundane. Foto Bjørn Sæterbø

No er alt bokstaveleg talt samla under eit tak på messeområdet på Lillestrøm, der du blir ønska velkomen enten du er privatperson eller fagfolk  frå onsdag til laurdag. På messeområdet er det rundt 500 utstillarar, og arrangøren reknar med 40 000 publikum på messa i år.  Dei siste dagane har det vore hektisk verksemd med bygging av messe- og utstillingar, der handverkarane har hatt styringa og innsatsen.  Onsdag når messa opnar for publikum er det salsfolka som tek over, og tek i mot kundestrumen.  

Vi har fått mange og har laga eit stort bildegalleri, både frå messebygginga og frå den meir ferdige utstillinga som no står klar til å ta i mot publikum.  Takk for Bjørn Sæterbø og Audun Skei Moen for mange fine bilder frå messebygginga.  

Publisert: 20. oktober 2021, 13:00