Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar 31. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

Søndag 31. oktober, mellom klokka 16:00 – 19:00, blir det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd tek til på Matkroken Todalen laurdag 23. oktober klokka 10:00 – 15:00 og fortsett fredag 29. oktober på same stad mellom klokka 15:00 – 17:30. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-. Ved kjøp via Vipps, hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn som skal skrivast på lodda. Hovudpremien denne gongen er eit gåvekort for to personar på Svinvik gard. 

Klokka 17:30 blir det utdeling av trimkoppar og for dei som har vore med på friidrettskveldane på Bordholmen i 2021. Trimkoppane blir delt ut til den med flest turar på kvar av dei 11 trimpostane til Trimgruppa, samt ein uttrekt vinnar på kvar av dei. 

Det blir pilkast og lykkehjul, samt «Kveldsbord»! Her må ein kjøpe lodd på basaren for å kunne vere med i trekninga.  

Idrettslaget er takksame for gevinstar til utloddinga!

Publisert: 18. oktober 2021, 17:50