Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Optimalisering av infoskjermen på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

På formiddagen i dag var næringskonsulent Harald Bredesen og IT-sjef Pål Ranes frå Surnadal kommune innom Matkroken Todalen for å optimalisere informasjonsskjermen i kaffekroken. Grunnen til dette er at sidene tidlegare har skifta kvart 10.sekund, noko som gjorde det vanskeleg å få lest informasjonen på informasjonsskjermen på ein god og informativ måte. 

Informasjonsskjermen har totalt sju sider, der tre av sidene er generell informasjon frå Surnadal kommune og ei side som viser nettversjonen av avisa Driva. Dei fire siste sidene er sider som er tilpassa Todalen og har informasjon som er relevant for Todalen. Desse sidene inneheld bussrutene til/frå Todalskrysset og fergerutene på strekninga Kvanne – Rykkjem, aktivitetskalender for Todalen (henta frå Todalen.no), Stikk-Ut!-turar i Todalen og vêrmeldinga for Todalen, henta frå YR.no og Pent.no. 

Problemet har altså vore at kvar side berre har vore vist i 10 sekund om gongen, noko som gjer at det har vore vanskeleg å få lest informasjonen på sidene på skjermen. IT-sjef Pål Ranes har no endra visningstida til 30 sekund, noko dei håper skal gjere det lettare å lese informasjonen på sidene. 

IT-sjef Pål Ranes styrer informasjonsskjermen frå denne sida. Denne er tilpassa Todalen. Bøfjorden og Bæverfjord har sine eigne sider. Foto: B G Ansnes

Surnadal kommune har slike informasjonsskjermar ved tre nærbutikkar i kommunen. Desse er plassert ved butikkane i Bøfjorden, Bæverfjord og altså på Matkroken Todalen. 

Både Harald og Pål var klare på at det er viktig med tilbakemeldingar frå brukarane for å få optimalisert både informasjonen som skal visast, og korleis den blir vist. 

Da får vi sjå om endringane fungerer, eller om det må fleire rundar til for å få informasjonsskjermen heilt optimal.   

Publisert: 18. oktober 2021, 10:15