Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i strålande haustvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

I dag varta vêrgudane opp med skikkeleg fint haustvêr da Todalen sanitetsforening sin Kløvertur-gjeng tok turen til Toåa tursti. Etter nokre Kløverturar med skikkeleg dårleg vêr, tykte gjengen at det var godt å få ein tur der ein kjente sola varme litt att. 

Oppmøte var som vanleg på Matkroken Todalen. Turen gjekk så via Hallset bru og oppover til gapahuken ved Båthølen. Der var det kaffe og ei lita kosestund i finvêret, før gjengen gjekk same veg tilbake til Matkroken Todalen. 

Skikkeleg fint haustvêr på dagens Kløvertur. Foto: Marit S. Søyset

Etter plana er det no berre ein Kløvertur att denne sesongen, og den går neste måndag, den 25. oktober. 

Takk til Marit S. Søyset for informasjon og bilete frå dagens Kløvertur. 

Ekstra fint i Toåa tursti når det er finvêr! Foto: Marit S. Søyset

Publisert: 18. oktober 2021, 14:00