Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koseleg jubileumsfest

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 9. oktober 2021

Laurdag kveld var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane i Todalen. I år vart jubileet feira på Hammerstuene på Surnadalsøra. Totalt seksten personar, inkludert jubilantane og dei to som skal konfirmerast i Todalen kyrkje til våren, møtte opp for å vere med på feiringa. Det vart ei koseleg og vellukka feiring av jubilantane.  

Sidan leiaren i soknrådet, Kristian H. Gjeldnes, var ein av jubilantane, var det John Moe som ønskte velkommen til jubileumsfest. Foto: B G Ansnes

Jubileumsmiddagen bestod av velsmakande røkt svinekam og kjøttbollar, poteter, tilbehør og saus. Alle fekk forsyne seg to gonger, før det vart servert karamellpudding og kaffe til dessert. Praten gjekk lett, både under middagen og desserten. 

Like før festmiddagen blir servert. Foto: B G Ansnes

Etterpå var det quiz. Den vann jubilantane og neste års konfirmantar med 18 poeng, tett fulgt av dei to andre laga med 17 og 16 poeng. Twisten vinnarlaget fekk gjekk rundt bordet, slik at dei andre og fekk ein smak av korleis det var å vere vinnarar!

Konfirmantane i Todalen kyrkje sommaren 1956: Bakre rekke f.v. Gunnvor M. Haugen, Gunn Halset, Heidi Brusethaug, Elizabeth M. Halle og Synnøve Hoelsæther. Fremste rekke f.v. Kristian H. Gjeldnes, Ola Bruset, sokneprest Karl Jakobsen, Ivar Hyldbakk og Endre Hysby. Foto: Todalen historielag

Desse vart konfirmert i Todalen kyrkje sommaren 1971: Gunnvor M. Haugen, Gunn Halset, Heidi Brusethaug (1956-2020), Elizabeth M. Halle, Anne Mari Husby og Synnøve Hoelsæther, Kristian H. Gjeldnes, Ola Bruset, Ivar Hyldbakk og Endre Husby.

I morgon klokka 11:00 er det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje, der konfirmantjubilantane og neste års konfirmantar vil delta. 

Publisert: 9. oktober 2021, 21:07