Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eystein Opdøl – etterlyser sauer

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 31. oktober 2021

Eystein Opdøl har teke kontakt med redaksjonen for å etterlyse nokre sauer. Det er snakk om to unge søyer med to lam kvar, og ei søye med eitt lam. Sauene går vanlegvis i Innerdalen, men sidan Eystein ikkje har sett snurten av sauene under saueleitinga, mistenker Eystein at dei har trekt ned i liene i Todalen, utover mot Øyakjerringa/Virumkjerringa eller utover mot Vasnebba/Grånebba. Det er også mogleg dei har trekt innover mot Bjøråskaret og Storfjellet. 

Det er snart vinter og snøen kan komme når som helst. Så dersom nokon har sett sauene, ber Eystein om at dei te kontakt med han på telefon: 913 23 199. 

Publisert: 31. oktober 2021, 15:20