Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar søndag – Siste dag med førehandssal i dag!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. oktober 2021

I dag er det siste dag med førehandssal til Idrettslagsbasaren på søndag. Mellom klokka 15:00 – 17:30 vil det vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. I tillegg kan du kjøpe lodd på Vipps 527926 fram til laurdag 30. oktober klokka 18:00. Husk da å skrive kva namn lodda skal skrivast på! Kvart lodd kostar kroner 50,- og da er du med i trekkinga av alle gevinstane på felleslista, og på hovudpremien, som denne gongen er eit gåvekort for to frå Svinvik gard. 

Idrettslagsbasaren er i Todalen ungdomshus søndag 31. oktober mellom klokka 16:00 – 19:00. Klokka 17:30 blir det utdeling av trimkrus for flest besøk på dei 11 trimpostane og ein heldig uttrekt på kvar av dei. Det blir også utdeling av premiar til dei som har vore med på friidrett på Bordholmen i løpet 2021-sesongen. 

Det blir sal av kaffe, brus og bakels med graut, så ungdomshuset er staden å ta ettermiddagskaffen denne ettermiddagen. Elles blir det eige «Kveldsbord», der det berre er lodda som er selt på basaren som er med i trekkinga av desse gevinstane. 

Det blir også lykkehjul og pilkast, for dei som ønskjer litt spenning og konkurranse på ein søndag ettermiddag! 

Idrettslaget er takksame for gevinstar til Idrettslagsbasaren, og gevinstane kan leverast på Matkroken Todalen innan laurdag 30. oktober klokka 15:30.   

Har du spørsmål knytta til medlemskontingenten?

Under heile basaren vil det vere representantar frå styret i Todalen Idrettslag for å hjelpe folk som har eventuelle spørsmål eller treng hjelp med medlemskontingenten. Så har du spørsmål eller treng hjelp knytta til kontingenten, så er det berre å ta turen på søndag!

Publisert: 29. oktober 2021, 05:00