Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

26. til 29. mai 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. oktober 2021

Planlegginga av neste års «Vårsøghelg» er allereie godt i gang. I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i ettermiddag, kan dei fortelje at neste års «Vårsøghelg» blir arrangert frå torsdag 26. mai til og med søndag 29. mai 2022. Litt av kva vi kan forvente om programmet, vart og offentleggjort i pressemeldinga. Under neste års «Vårsøghelg» får vi møte mellom andre Bjørn Tomren, kjent frå årets utgåve av «Stjernekamp» på NRK 1, da saman med Heine Bugge, og da under namnet «Polka Bjørn & Kleine Heine». 

Duoen er kjent som universets beste trekkspel- og jodleduo. Duoen har i meir enn 10 år blitt møtt med overveldande begeistring i inn- og utland. I Surnadal er dei også kjent med hitlåten «La tralla gå» Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsemne, har Tomren på kort tid rokket å bli folkeeige, og har blitt omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». 

Polka Bjørn & Kleine Heine.

Billettsalet til Kleivakvelden tek straks til, og billettar til Kleivakvelden er å få kjøpt på Surnadal kulturhus og på nettsida til kulturhuset: surnadal-kulturhus.no. Nytt av året er at born og unge under 18 år får gratis inngang på Kleivakvelden.

Åge Aleksandersen

Elles kan Vårsøghelga opplyse at det framleis er ledige billettar til konserten med Åge Aleksandersen i Stangvik kyrkje 2. november  klokka 19:30. Åge er aktuell med ny plate som har trilla 5 og 6 på terningane i alle landets aviser. Åge har også eit heilt spesielt forhold til Stangvik kyrkje, som han kjem til fortelle om under konserten.

Nidarosdomens jentekor og Trondheimsolistene.

Laurdag 4. desember klokka 15:30, i Stangvik kyrkje, kan dei vidare garantere julestemning. Da gjentek dei suksessen med julekonserten «Julefryd» med Nidarosdomens jentekor og Trondheimsolistene. I fjor med seg, for første gong, «Julefryd» ut av Nidarosdomen, og ei fullsett Storstue på Surnadal kulturhus fekk ei oppleving heilt utanom det vanlege. I år har dei med seg folkemusiker Gjermund Larsen som gjest. Her får vi ein rørande og vakker julekonsert med det aller beste av norske musikarar.

Billettar til alle arrangementa får du kjøpt på: surnadal-kulturhus.no

Heile pressemeldinga frå Laget Vårsøk kan du lese her: Presseskriv Kleivakvelden 2022

Publisert: 28. oktober 2021, 15:23