Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjølvtesting for koronavirus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. oktober 2021
Frå 1. november blir det enklare å teste seg sjølv ved nyoppståtte luftvegssymptom og mistanke om koronavirus. I tråd med FHI sine anbefalingar vil Surnadal kommunen dele ut sjølvtestar til personar som har nyoppståtte luftvegssymptom. Frå 1. november kan du få nokon til å hente sjølvtestar for deg på servicetorget på kommunehuset mellom klokka 09.00 – 15.00. Personar som har symptom skal ikkje komme inn på kommunehuset!

Saman med sjølvtesten ligg det informasjon med brukarrettleiing og kontaktinformasjon ved positivt testresultat.

Dei som ikkje har symptom, men som ønskjer å ha ein test liggande heime på lur, må kjøpe seg sjølvtest på apoteket.

Frå 1. november blir teststasjonen ved legesenteret sett på pause og  stengt for bestilling av koronatest. Dersom smittesituasjonen tilseier det, eller ved større smitteutbrot, vil teststasjonen bli opna att.

Ved behov for helsehjelp skal du ta kontakt med fastlege som før.

Symptom på luftvegsinfeksjon kan starte med vage symptom som for eksempel hovudverk og tett nase, eller meir klassiske symptom på influensa som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand.  Symptoma kan vere teikn på covid-19. Informasjon frå Folkehelseinstituttet som forklarar når du skal halde deg heime og når du kan komme på jobb/skule/barnehage finn du her

Publisert: 29. oktober 2021, 12:27