Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Artig med god gammeldags basarstemning – no oppdatert med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2021

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen IL  den første basaren er at  vi opna oppatt landet igjen.  Det er meir enn halvanna år sia sist, og det var nok mange som har sakna den sosiale kontakten og basarstemninga som slike arrangement kan bidra med.  Arrangøren skryter av oppmøtet, og kan rapportere at det kom inn totalt kr 33.510 – som kjem vel med for drifta av idrettslaget. 

Det har sjølvsagt vore begrensa aktivitet i laget, men likevel var det premiering av besøk på trimpostane og det var også premiering for både deltaking i «Barn i løypa» og for lagseriestemna som driv med friiddrett.  

Litt statistikk og oversikt over premiering

Trimmmarane som har besøkt lagets trimpostar – har tilsaman gjort 5290 registrerte turar , der Gunnøya (Turstien) åleine har bidrege med 1633 turar. Tilsaman har det vore 11 turmål som det har vore registrering på.  Dei som hadde flest turar fikk ein flott kopp som premie, og i tillegg vart det trekt ut ein vinnar for kvart turmål.  

Her er nokre av trimpostvinnarane og trimsjefar – frå venstre Ellinor Bolme, Lars Kvendset, Torkjel A. Moe, Markus Bolme, Jorid H. Ansnes og Kjetil Sogge. Foto: Jon Olav Ørsal

Borna som har delteke på «Barn i løypa» og lagseriestemna fikk kvar si flotte skje som premie, og Ola Dalsegg som er leiar i ski- og friidrettsgruppa var imponert over kor flinke borna har vore og korleis dei gjennom sesongen – både i skisporet og på friidrettsbanen – har for forbedra resultatet.  

Bra oppmøte og bra loddsal på trimbasaren   foto: Jon Olav Ørsal

Her finn du komplett trekningsliste frå basaren i ungdomshuset i søndag ettermiddag/kveld: 

Bildegalleri frå basaren i ungdomshuset søndag ellermiddag/kveld – alle foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 31. oktober 2021, 20:28 - Sist oppdatert: 1. november 2021, 06:14