Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Ei todalsslekt» – slekts- og historiebok dersom du er interessert?

Jon Olav Ørsal Sundag 31. oktober 2021

Siste nytt på bokfronten er nok Astrid berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si.  Dei to tek utgangspunkt i Ola og Ane (Anne) Ørsal og folket i Ørsalgeilen, og viser slektsforgreiningar både attover og framover, og kvar dei mange etterkomarane har hamna og kva dei har drive med gjennom tida. 

Dersom det er interesse for boka her i Todalen så kan dei to tenkje seg å ta ein tur til Todalen for å by fram boka til interesserte kjøparar. – Om nok folk er interesserte, kjem vi gjerne og sel den nyskrevne boka «Ei todalsslekt» på lokalbutikken i Todalen ein dag i løpet av dei to første vekene av november.  For interesse, send oss ei lita melding på facebook-sida Boka «Ei todalsslekt» eller ei tekstmelding/sms til mobiltlf. 979 87 846 (Solveig Ørsal Hindhammer). Førehandsbestilling er også mogleg.  

Frå omslaget på boka – framsida

Astrid har skrevet litt om boka:

Med meir 2 års forskning, har vi skreve ei bok med våre stamforeldre Ola og Anne (eller Ane) Ørsal som utgangspunkt og struktur.
Boka består av tre parallelle innfallsvinklar, den tradisjonelle bygdebok-formen, bygdehistorie og særkaitlar med interessante og spanande historier.
Innhaldet er kjennbart for mange, også utanfor våre aner. Kanskje finn du noko du aldri har lese om i ei bygdebok?
Folk rundt om i distriktet kan også kanskje finne seg sjølve eller nokon frå si slekt, i boka.
Til dømes hadde ein av våre stamfedre, Torstein Einarson Hyllnesbukta («Torstein Bukt’n), mange søsken som spredde seg med eigne familiar omkring.

I tillegg til at boka er full av både gamle og nye bilete, inneheld den ei grundig oversikt over alle slektsforgreiningar av Ørsalgeil-slekta både framover og bakover i tid (nokre gonger så langt tilbake som til høgmiddelalderen).
Dei mange tema vi har skreve om, kretsar først og framst kring folk og husmannsliv i Todalen og omegn frå 1700-talet og utover: Alt frå om barnearbeid rundt om på gardane, om kva som hende med todalingar som reiste til Amerika eller kvifor folk frå t.d. Lesja og Dovre kom til bygda.

Lesarbrev og omtale av boka og innhaldet på baksida av boka.

Boktittel: «Ei todalsslekt», av Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer
Sjanger: Lokalhistorie. Sidetal: Over 220. Hardperm. Pris: 480 kr pr. bok.

Skrevet av Astrid B. Hindhammer

Først publisert: 31. oktober 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 30. oktober 2021, 22:39