Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Heittgjort» i rute – både bok og revy!

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. oktober 2021

Premieren nærmar seg fort no, om tre veker er det nemleg premiere for både bokprosjektet og revyen – begge med namnet «Heittgjort».  Det skjer i Surnadal kulturhus fredag 19. og laurdag 20. november, med 2 revyforestillingar som skal promotere boka som er skreve om revymiljøet i Surnadal frå 60-talet og fram til i dag. 

Som vi har skrive før så er boka eit prosjekt i regi av Surnadal Heimbygdlag, og den er først i pennen av revyveterannen Styrkår Brørs, og omhandlar revymiljøet både i Surnadal BU og i Svarraberget Teaterlag.  Boka blir gjeve ut på Blomsterhaug Forlag med Svein Sæter som redaktør. Gjennom ei årrekkje har det vore mange revyar, og både boka og årets revy er smakebitar av dei beste revynummera i denne tidsperioden, fortel Øyvind Holte.  Han fortel at boka er i rute, og vil bli lagt ut for sal på revypremieren – både i pausen og etter førestillingane. 

4 superveteranar på øving – frå venstre Maren Larsen, Anne Marie Moen, Johnse Sættem og Øyvind Holte. Heittgjort – slik ser revyplakaten og boka ut. Foto Jon Olav Ørsal

Rollelista er også prega av veteranar frå revymiljøet i denne perioden, sjølv om det har tynntest i rekkjene for dei eldste aktørane etter kvart.  men det er nok mange som nikkar gjenkjennande når vi listar opp aktørane som vi får sjå på scena på årets revy.  Blant damene har vi Maren Larsen, Anne Marie Moen, Svanhild Husby, Lilly Røv (kjem frå Oslo), Mette Holte (kjem frå Tønsberg) og Linda Botten og Merete Sæter (sufflør).  Rollelista for mannfolka er også kjentfolk:  Ingebrigt Røen, Johnse Sættem, Gøran Bolme, Øyvind Holte, Styrkår Brørs, Svein Sæter (konferansier), Rolf Paulsen (kappelmester), Trond Larsen og Steinar Ranes (Rekvisittør).  

Ingebrigt Røen er revysjef, og han har full kontroll på innspurten av øvingane fram mot premieren om 3 veker. Foto Jon Olav Ørsal

På enkelte av revynummera er det originalaktørane vi får gjensyn med under årets revy «Heittgjort», medan det naturleg nok bli «stand in» som vil fylle rolla til nokre nummer – sågar vil nokre av revyinnslaga, mellom anna frå «My fair lady» og «Trost i taklampa» bli vist på lerretet da det finnes gamle filmopptak frå disse, fortel Ingebrigt Røen som er produksjonssjef og ansvarleg for revyen.

Svein Sæter som er konferansier under revyførestillingane vil ha tilhald på scena heile kvelden.  Nokre av innslaga som kjem frå scena vil nok ha behov for litt forklaring sidan det er lenge sidan dette var aktuelt stoff – enkelte aktørar vil nok hamne i sofaen hos Svein for å fortelje litt om innhaldet – Svein blir på ein måte ein slags bokbadar, seier Eivind Holte. 

Billettar til revyen er alt lagt ut og halvparten av billettane er alt selt – mest ledig er det nok på førestillinga på laurdagskvelden den 20. november.  Etter kvart som revyen nærmar seg så vil det nok bli sal på resten av billettene etter som det berre er to førestillingar – fredag 19. og laurdag 20. november. 

Øving – Camilla Hyttebakk, Maren Larsen og Anne Marie Moen er rutinerte revyaktørar med mange års fartstid. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. oktober 2021, 15:06