Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svanger med bok om revy- og teatermiljøet i Surnadal

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. august 2021

Det er nok mange som har venta lenge på boka om revy- og teatermiljøet i Surnadal.  Det var prata om å lage bok til 40-årsjubileet først på 2000-talet, men det har i allfall vorte utsett til no av ymse årsaker.  Sist vart det Covid 19-situasjonen som gjorde at det tok tid før ein kom i gang, fortalete Øyvind Holte på ein pressekonferanse med deltakarane i bokprosjektet.  
Øyvind Holte er sjølvsagt sentral i eit slik bokprosjekt, som har vore med heile den 50 år lange perioden med revy- og teateroppsetjingar. Minst like sentral er nok Styrkår Brørs, som heile perioden har vore med som revyforfattar.  Styrkår Brørs var nok den sjølvskrivne forfattar av ei slik bok etter som han og har vore med sia starten.  Brørs fortel at han har hatt eit stort problem, og det har vore å begrense stoffet, samtidig som han skulle være rettferdig med omtalar av alle dei dyktig aktørane.  Han har vore bevisst på at alle revyane har vore eit produkt som alle har vore med på å skape – både dei på scena og dei som jobba bak scena.  Boka går over to tidsepokar – den første om den perioden da det var ei gruppe i Surnadal Bygdeundomslag som dreiv på – sidar vart det Svarraberget teaterlag som tok og som vidareførte arbeidet.

Styrkår Brørs har ført boka «Heittgjort» i pennen – 125 sider landa manuskriptet på. Med 200 bilder blir nok sidetalet rundt 300 til slutt, trur Brørs. Foto: Jon Olav Ørsal

Da Styrkår Brørs tok på seg bokprosjektet, tok han unna at han ikkje ville drive med innsamling av stoff til boka.  Det ville være for tidkrevjande, og han ville derfor ha stoffet heim til kontoret sitt. Da kunne han bruke tida på å gå gjennom og sortere stoffet – og dermed skaffe seg oversikt over prosjektet og planleggje arbeidet. Men stoff har det ikke stått på, for det er mange som har samla på avisutklipp, program, bilder og anna ting, slik at det reelle problemet faktisk vart å sortere og faktisk begrense omfanget. Når det er rundt 50 førstillinga som skal omtalast så seier det seg sjølv at det blir ikkje så mykje om kvar.  Men likevel vart manuskriptet på 125 tettskrevne A4-sider.  Styrkår fortalte også at han hadde «drodla» litt med billettal gjennom desse 50 åra, og funne ut at det totalt er selt rundt 60.000 billettar tilsaman. Det er 10 gong Surnadals folketal, legg han til. 

Brørs er oppteken av å være rettferdig i sitt skrivearbeid, og vil ikkje framheve nokon av prestasjonane på scena, men han vil nemne spesielt musikalen Sommar i Tyrol. Det var ein stor prestasjon og vart godt gjennomført med lokale krefter på alle plan – mellom anna Nordmøre symfoniorkester og Tordenskjold songlag. Elles kan nemnast at det vart det køyrt 11 framsyningar av sommer i Tyrol, og totalt billettsalet enda opp på godt 3000 i talet.  Han legg og til at revyverksemda heile tida har vore sjølvfinasierande.  Dei fleste åra har vi hatt eit lite overskot og andre år eit lite underskot – men det har gått i rundt

Det er nok ei stund sia Øyvind hadde hovudrolla i oppsettinga av «Den stundeslause» no, men tida har gått fort, mimrar han. Plakaten er det Brit Eide som har designa – hadde nok æra for dei fleste av revy- og teaterplakatane som var laga. Foto: Jon Olav Ørsal

No er Svein Sæter i gange med å redigere stoffet, og no står det att å gjera seg ferdig med bildesortering og Sæter trur det blir ca 200 bilder i boka.  – Så boka blir rikt illustrert, det er det ingen tvil om – men vi skulle så gjerne ha fått plass til enda fleire bilder, seier han.  Rundt 300 sider blir det ferdige produktet som forøvring skal heite «Heittgjort» med undertittel «Revy- og teaterminne frå Surnadal BU og Svarrabærje 1965 – 2020. Boka «Heittgjort» blir nok årets julegåve i år.  Sæter fortel at boka skal være klar for sal tidleg i november.

Boklansering og revy
Samtidig med boklanseringa er det også planlagt ein revy som sjølvsagt vil heite «Heittgjort», fortel leiar i Svarrabærje Camilla Hyttebakk. Det vil bli ein revy som er basert det beste frå den perioden som boka omhandlar – rett og slett «Heittgjort» – her blir det mangt å minnas frå revyane både i Trudvang – Folkehøgskulen og frå Kulturhuset.  Med andre ord har vi litt av kvart å gle oss til utover hausten – sett av 19. og 20. november som er dato for revyoppsettet «Heittgjort». 

Publisert: 10. august 2021, 15:55