Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg stund på Haugligardane

Triveleg stund på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Måndag 25. april 2011

Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.

Vêrmeldinga var nok ikkje den beste for 2. påskedag, så det vart ei positiv overrasking at det nerast vart ein fin sommardag, der gradstokken kraup opp mot 16-17 grader og sjølv om sola var bleik gjennom disen, så varma ho godt.

Todalen I.L.s trimgruppe var sjølvsagt på plass med grillen, og sørga for at alle fekk pølser med brød og tilhørande saft eller kaffe for den som ønska det.

Det er 10. gong at det arrangeres frilustsgudsteneste på Haugligardane i år, og det har vorte ein årleg tradisjon. Tradisjon er det også at det er finver 2. påskedag, for det har ikkje vore naudsynt å avlyse nokon av friluftsgudstenestene i denne 10-årsperioden.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå friluftsgudstenesta på Haugligardane.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. april 2011, 20:00