Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
29 på 2 timer

29 på 2 timer

Elinor Bolme Tysdag 26. april 2011

2. påskeedag satt Sondre Halset på Hals og selde personlege medlemskap i todalen.no. I dei to timane han satt der var det heile 29 stykkar som takka ja til det, og fekk sitt eige nummererte medlemskort. Reknar kanskje ikkje med at alle vart nådd med desse to timane, så eit slikt stunt vil sikkert bli teke oppatt seinare utover våren.

Ellers er det løpande moglegheiter for å teikne medlemskap ved å sette inn kr 100,- på kontonummer 4040 15 70219.  Hugs då å skrive kven som ønsker medlemskap i meldingsfeltet. Etter innbetaling vil medlemskortet kome i post eller ved direkte levering.

Koppar er fortsatt å få kjøpt på Hals, men når dei som er der har vorte utseld, vil det bli bestilt eit heilt nytt parti med anna utforming. Derfor er det å anbefale å vere raske om ein ikkje tek sjansen på at dei neste blir like fine, då det kun var eit fåtal att hos handelsmannen i går.

Publisert: 26. april 2011, 10:45