Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2011

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete for mars

Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Måndag 4. april 2011

Då har vi kome fram til avstemninga for månadens bilete for mars. Sjølv om mars tradisjonelt er ein vårmånad, vart det ei stund før vi fekk noko vårstemning. Bileta ber preg av det, men nokre vårtekn vart det med.

Les heile saka

Uvanleg aprilvarme

Uvanleg aprilvarme

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2011

Jon Bruset har registrert maksimumstemperatur på heile 17,3 varmegrader laurdag. Han skriv i ein e-post at det er uvanleg med slik varme så tidleg i april og at det oftast er etter 20. april at slike temperaturar blir registrert, og i fjor var det ikkje over 17 grader før 15. mai. Sidan 1990 er det […]

Les heile saka

Kjør forsiktig – store hol!

Kjør forsiktig – store hol!

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2011

Vinteren har vore hard med vegane, og det er fleire plassar store hol i asfalten. Det kan lett kan føre til skade på bilen dersom du har for stor fart. Spesielt er det mange djupe hol ved Pilskaret, der det tidlegare har vore gjort fleire reparasjonar som er meir eller mindre mislukka. Enkelte av hola er opptil 20 cm djupe, og da får nok hjuloppheng og styremekanisme hard medfart. Kanskje ein ide at Kolo Veidekke tar med seg ein klatt med oljegrus neste gong dei tek turen innom Todalen?

Les heile saka

Fine forhold på fjellet

Fine forhold på fjellet

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

Arnt Ivar Brøndbo i skutergruppa til T.I.L. rapporterer om fine forhold på fjellet. Det er kjørt opp nye skuterspor fredag, og når en kjem på høgde med Tristeinan er det fint silkeføre! Det er kjørt opp spor til talgøsetra, Tristeinan og opp på Midtryggen. Videre er det spor utover til Skihytta og ned til Ungdomshuset. […]


Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Hugs – Bygdabokmøte i kveld!

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

Arbeidet med ny bygdabo er godt igang, og den kommunale bygdeboknemda har etablert eit samarbeid med Todalen historielag for å opprette grendekontaktar og hjelpe til med å samle inn stoff. No er informasjon om arbeidet og skjema for innsamling av nyare opplysningar snart i postkassa. Bygdeboknemnda anbefaler at alle les info-skrivet og rettleiinga godt. I tillegg er det og hjelp å få, da vi har sju dyktige grendekontaktar som kan bistå med utfyllinga.

Les heile saka

Shell kjøper HalsOil

Shell kjøper HalsOil

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

I går kveld trefte vi Terje Nordvik i findressen ved pumpene til HalsOil på Kvennset. Da røpa han at han var på veg til Vårsøg Hotell på middag, for å feire kontrakten med Shell. Der skulle han treffe direktøren for drivstoff detalj og kommunikasjonsdirektør Kitty Eide i Shell. Nordvik vil ikkje ut med salgssummen, men vi forstår at det dreier seg om eit større beløp.

Les heile saka