Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Shell kjøper HalsOil

Shell kjøper HalsOil

Jon Olav Ørsal Fredag 1. april 2011

I går kveld trefte vi Terje Nordvik i findressen ved pumpene til Halsoil på Kvennset. Da røpa han at han var på veg til Vårsøg Hotell på middag, for å feire kontrakten med Shell. Der skulle han treffe direktøren for drivstoff detalj og kommunikasjonsdirektør Kitty Eide i Shell. Nordvik vil ikkje ut med salgssummen, men vi forstår at det dreier seg om eit større beløp.

Ein rask telefon til kommunikasjonsdirektør Kitty Eide bekreftar avtalen, og ho seier at dette er eit pilotprosjekt for 25 slike anlegg i Midt-Norge. De skal ta opp konkurransen med Best-kjeda, og dette HalsOil-konseptet passar perfekt inn i småstasjonssatsinga til Shell.

Ho fortel vidare at neste stasjon som får HalsOil på pumpene er Sunndalsporten på Gjøra som skal opne seinare i år. I forbindelse med satsinga skal også ein av tankbilane til Shell omprofilerast til HalsOil og vil trafikkere mellom HalsOil-stasjonane som kjem etter kvart.

Eide seier at stasjonen i Todalen har eit stort vekstpotensial når Trollheimtunellen kjem om nokre år, og det gjer satsinga ekstra interessant. Trafikken går som kjent utafor sentrum på Skei, så denne omsetninga vil ein kunne fange opp her. Det vil nok gje ei stor omsetningsauke etter som ein stor del av trafikken frå Trondheim til resten av fylket kjem til å passere Todalen, seier Eide til slutt.

Først publisert: 1. april 2011, 05:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2011, 21:26