Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ryddar vekk drivtømmer

Ryddar vekk drivtømmer

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. september 2013

Mykje drivtømmer er rydda opp av sjøen etter raset, men det er nok mykje att enno. Det dukkar stadig opp restar etter skogen som vart med ut i sjøen med raset, og det er slett ikkje ufarleg for dei som ferdes på sjøen. Tysdag var det «ryddeaksjon», da kystverkets båt var på Todalsfjorden for å ta opp drivtømmer. Det var Kystverkets båt «Oljevern 1» som jobba med å hente inn drivtømmer som dei tok i land på Ansnessaga.

Ein god del var samla framfor rasstaden, men det er også ein del på strendene rundt om kring og sjølvsagt i sjøen. Drivtømmeret som ligg i sjøen kan være vanskeleg å sjå, da det ligg og duppar i vannskorpa og kan også være helt under vatn. Det blir nok behov for fleire ryddeaksjonar etter kvart som nytt drivtømmer kjem til syne.

Publisert: 25. september 2013, 08:03