Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Elgjakta – Erling fikk 3 fulltreff

Elgjakta – Erling fikk 3 fulltreff

Jon Olav Ørsal Sundag 29. september 2013

Søndag vart det full pott under elgjakta for Erling Halle. Elgfamilien med ku, kalv og okse kom på rekkje og rad på Erling som satt på post i lia mellom Storenghølen og Hanshaugsetra i nærleiken av Myråkja.  Med akkurat såpass mellomrom at han rakk å lade om og ta nytt sikte, og alle sammen gikk overeende av velretta skott. Da vart det stopp i jakta og mobilisering for å vomme ut og starte transporten ned til vegen. Heldigvis var det ikkje langt ned til vegen, men likevel blir det fort litt arbeid.

Elgen er nok komen for å bli i Todalsnaturen. Det er ikkje så veldig lenge sidan dei første elgane vart felt, og i starten var det nok streifdyr som «kom ivegen» for hjortejegrar. Men etter kvart har det auka på observasjonar, og det siste tiåret er det felt elg kvart år. No er vel heile elgkvoten på det næraste fyllt opp for i år, slik at resten av storviltjakta blir rein hjortejakt. I år går hjortejakta fram til 23. desember.

Talgø og Kårvatn jaktlag starta dagens elgjag frå området Talgøsetra/Tristeinan, og det var ganske tidleg i jaget klart at dei var i kontakt med elg. Under jaginga som gikk innover og ned mot Kårvatn vart det observert eit tital elgar i forskjellige størrelsar, og som var på veg mot postane. Dei tre som kom på Erlings post stemte perfekt for kvoten som var att, og her vart det da kort prosess. Kua og oksen var forholdsvis unge dyr, men fine dyr. Storoksen som vart observert kom seg dermed unna denne gongen også.

Sjølv om det ikkje var så veldig langt til veg, vart det nok ei arbeidsøkt å dra fram dyra som vidare vart frakta til Talgø gard for slakting. Jaktsjef Ragnar Halle var godt fornøgd med dagens jakt, og han sette nok pris på at dei hadde ein profesjonell slaktar på laget i dag. For når Odd Arne Vikavoll fikk kvesst knivane sine gikk det fort unna å få slakta nokre elgar.

Så bars det til gards for slakting. Sjå bildeserien frå med slaktargjengen i aksjon.    Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. september 2013, 21:00