Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bo i Todalen Arkiv

Vi fann 34 artiklar i dette arkivet.


Skortinn ledig for langtidsleie

Elinor Bolme Sundag 24. mars 2019

Tidlegare annonserte vi med korttidsleie av Skortinn i påskeferien. Dette gjekk over all forventning kan utleigar Toril Redalen fortelje. Og etter litt overveiing vel ho og mannen Eduard no å leige ut husa for ein litt lengre periode frå 01.05.2019 -01.05.2021 med 3 måneder gjensidig oppsigelsestid. For enda meir info kan du gå inn på annonsen […]


Koselig husmannsplass i Todalen ledig for leie påska 2019.

Elinor Bolme Måndag 4. mars 2019

Toril Redalen og Eduard Ortega har sendt oss eit lite prospekt med eit utleigeobjekt i perioden 1. – 30. april 2019, som ligg sentralt i Todalen. Dei har totalrenovert den gamle husmannsplassen like ved kirka, og ønsker no å leige den ut i kortare periodar.


Todalen Grendalag – lyst til å være med og bidra?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. januar 2019

I fjor vart Todalen Grendalag (org.nr: 921156073) oppretta som arvtakar etter PT-utvalet. I samband med nytt år er det tid for å velja nytt styre til det nyoppretta laget. Årsmøte vil bli heldt i løpet av mars. Les vidare om målsettinga….


Merkur – årets store og lokale handledag

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. oktober 2018

Merkurprogrammet og handelsdepartementet er initiativtakarar til årets store handledag. Det dreier seg enkelt sagt om å informere om kor viktig nærbutikken er for å skape levande bygder. Merkurprogrammet sørger for behovsprøving av driftsstøtte og investeringsstøtte for nærbutikkar som ligg meir enn 25 km frå næraste konkurrent og som har ein viktig funksjon for å gjera bygdene livskraftige. Laurdag 20. oktober blir det eit skikkeleg kaffeslabberas på Matkroken Todalen, med servering av gratis kaffe og blautkake frå kl 10 og utover så langt det rekk….!


Utleigeboligar i Todalen

Elinor Bolme Måndag 30. juli 2018

Da har vi fått tilsendt bilder og info av dei første boligane for utleige i Todalen etter at mobiliseringa med  å få meir folk til bygda starta. Skulle det være nokon som er interessert i å leie nokre av desse eller ynskjer meire info om utleigeobjekta, må dei ta kontakt med Bjørn Gunnar Ansnes på telefon 986 11 707.


Mobiliseringsgruppene held stimen oppe

Elinor Bolme Onsdag 25. juli 2018

Måndag kveld hadde styringsgruppa i bolystprosjektet «Todalen 2022» eit evalueringsmøte etter arbeidet som starta for knappe to månadar sidan. Og dei tre karane Ragnar, Jostein og Bjørn Gunnar var godt fornøgd med utviklinga i prosjektet så langt. Styringsgruppa fekk i første omgang mandat å skaffe kapital, og saman med PT-utvalget å endre styringsform på PT-utvalget til eit grendalag.


Lokalmat og reiseliv i praksis

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. juli 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal satsar sterkt på lokalmat og reiseliv, og det har i dag gjeve seg utslag i besøk av rådgjevar Aud Lindset Drågen rundt omkring i bygda. Drågen var invitert av grendeutvalt i Todalen, og var først på ein runde rundt i bygda, og skal seinare i kveld delta på eit møte med same tema i ungdomshuset.


Leilighet til salgs på Kvendset

Elinor Bolme Laurdag 23. juni 2018

Trivelig leilighet med fint uteområde i Kvendset borettslag ligg no ute for salg på finn.no. Leiligheta er oppført i 1998 og består av vindfang, stue og kjøkken i åpa løysning, bad, to soverom, ei bod samt ei utebod.


Nytt på todalen.no

Elinor Bolme Sundag 17. juni 2018

Som eit ledd i økt synleggjering av bygda vår, har todalen.no no oppdatert menyen sin med ny underside «Bo i Todalen». Her vil alle saker som no etter kvart vil bli publisert som gjeld utleie og slag av boligar bli liggande lett tilgjengeleg for dei som ønsker å finne informasjon om dette.  Etter kvart som […]


Har du bolig å leie ut eller selje i Todalen?

Elinor Bolme Laurdag 16. juni 2018

Kartleggjingsgruppa for boligmarkedet i Todalen er godt i gang med arbeidet for å kartleggje ledige bustader i bygda. Dei har sett på alle hus i bygda og sett dei i skjema for å kartleggje kvar det kan vere aktuelle utleigeplassar. I Todalen er det utruleg mange hus som er nytta til feriebustadar, fortel gruppeleiar Bjørn […]