Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongopnar Todalshytta 1. juni – satsar på kjøkkenet!

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. mai 2020

Todalshytta ligg litt i forkant i forhold til dei andre KNT-hyttene og opnar alt 2. pinsedag. Etter at hytta har vore stengt ein sesong så er det nytt vertskap på plass. Det er Stian og Arve Evensen som no er vertskap på Todalshytta, men kontrakt for 5 år i første omgang. Det er sonen Stian som er sjefen både for driftsselskapet og for kjøkkenet – faren Arve er dreng og altmulegmann slik han tittelerer seg sjølv.

Stian er sjølvlært kokk, og han trives på kjøkkenet – no håpar han at besøkande vil prøve menyen han har komponert. Foto: Jon Olav Ørsal

Stian var ikkje meir enn et par år første gongen han var på Todalshytta – han viser fram eit bilde på telefonen av seg sjølv framfor Nauståfossen.  Sidan har han vore i Todalen – både i elva og på Todalshytta veldig ofte. – Det å drifte Todalshytta er ikkje nokon ny tanke, men ein drøm som har modna etterkvart. Da er det heller ikkje dumt å ha lyst til å lage mat, for det har nemleg Stian, og han er dyktig på kjøkkenet skryter faren.

Stian vil bruke lokale leverandørar – her på veg inn i ishuset med Pestu-egg. Foto: Jon Olav Ørsal

Stian syslar også litt med klatring, og han røpar at han har eit ønske om å ta eit fjellførarkurs, slik at han kan bli guide. – Vi får sjå kva det blir tid til etter kvart, og kanskje den tanken må kvile til neste år?

Og god mat det skal bli eit av varemerka til Todalshytta i åra framover. Her skal det bli både ein kvardagsleg KNT-meny, men det skal også bli ala carte-meny og sjølvsagt skal vi ha ein barnemeny, seier Stian. Sjølvsagt er også DNT-klassikaren som er nystekte vaflar med valfritt tilbehør. 

Vi kan røpe litt av menyen, slik han blir frå første dag: 

Favoritten til Stian er Todalsburger, som er heimelaga burger med cheddarost og bacon. Serveres med pommes frites, salat og løkringer. 

Ein anna favoritt er Kylling grillspyd, som serveres med potetsalat og tzatziki i yuoghurtsaus. 

Vil du ha noko fort og enkelt så er karbonadesmørbrød med egg og stekt løk eit godt alternativ. 

Elles er det og desserter på menykartet. Ostekake med bringebæris og friske bær er ett alternativ, medan sjokoladekake med vaniljeis og friske bær er eit anna alternativ. Kuleis med bær er heller ikkje å forakte.

Når det gjeld barnemeny så har Stian komponert ein rett som iallfal har treft godt på hens eigne barn – Pommes frites med kyllingmuggets.

I tillegg ligg det tilrette for tradisjonelle balldalar etterkvart – Åse G. Øyen er hyra inn som ekspert på ballkoking. Det borgar bra!

Vi kan kanskje kome med ei lita oppfordring for eiga rekning til slutt:  – Vi ser at det kan være ei utfordring i å starte med restaurant i Todalen i disse koronatider. På Todalshytta er det lagt til rette for trygg servering av mat og drikke, og vi vil oppfordre både bygdefolket og andre til å prøve menyen på Todalshytta – i dag er det faktisk trendy å handle lokalt!

Todalshytta har ei lang historie – bygd i 1901 av Ethelbert Lort Phillips. Her oser det laksefiskarhisorie i veggane. Foto: Jon Olav Ørsal

Ein fin dag på kontoret – Stian har jammen ein flott utsikt når han jobbar med menyer – her har han utsikt utover Todalen frå langbordet ute på tunet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er eit ordtak som seier at handverkarane fer ut bakvegen når kundane kjem inn hovudinngangen. Slik var det på Todalshytta og – Jan Luis Myklebust gjorde seg akkurat ferdig med målarkosten før det vart pinsehelg. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 30. mai 2020, 15:02 - Sist oppdatert: 1. juni 2020, 10:16