Turgruppa i Gamle Stangvik i samarbeid med Stangvik historielag inviterer til tradisjonell Årnesdag laurdag 7. september med variert opplegg; både tur og kåseri.
Første post programmet er tur til Øver-Trøinn. Turen startar kl. 11:00 frå Jørristuå. Svein Aarnes er turleiar. Øver-Trøinn vart bygd av engelskmannen John P.C. Musters i 1884, og det er ein spesiell og interessant plass. Turen er lett og fin å gå.
Det er god plass til parkering ved Jørristuå.
Kl. 13:00 blir det underhaldning i Årnes grendahus (den gamle skulen på Årnes), mellom anna med kåseri av Bernt Bøe. I tillegg blir det servering av kaffe og kaker og loddsalg.
For dei som ikkje ønsker å delta på turen, er dei velkomne til å vente i grendahuset til programmet startar.
Arrangørane skriv: Da håpar vi på «godt og lagleg ver», og at mange tek turen til Årnes denne dagen!
VEL MØTT!