Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Bondelag

Etter årsmøtet i 2020 er tillitsverva i laget fordelt slik:

Leiar:                Stine Grytskog Ramsøy   Epostadresse: stine.grytskog@gmail.com
Nestleiar:         Olav Halle 
Sekretær:         Cathrine L. Kårvatn 
Kasserar:         Ola Haugen Ansnes
Studieleiar:     Asgeir Longva 
 
Først publisert: 19. november 2009, 16:13 - Sist oppdatert: 29. november 2020, 11:24

Nyheter knytta til Todalen Bondelag

Prima skurtømmer i Øyalia

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2020

Den siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia.  Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.


Landbrukskonferansen er i rute – få fagleg påfyll!

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. september 2019

Bøndene er under press frå mange kantar, og er vant til stor uforutsigbarheit og til å omstille seg etter endra forutsetningar. Bondeyrket er eit einsamt yrke, og det er derfor stort behov for fagleg input. Ikkje minst ser klimaendringane ut til å få stor fokus, som vil gje nye utfordringar og stor uforutsigbarheit for landbruket. Reduserte produksjonskvotar er ei anna utfordring som er tema på landbrukskonferansen


Rekkje no i rad……

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. september 2019

Austistukyrne var onsdag på veg heim frå beite på Høyem. Turen gikk til fots, og med gjetarar i følget. Som vanleg måtte turen gå med ein omveg via Øyagrenda, for med metaldekket på Brusetbrua så nekter både krøter og sauer å gå over brua der.


3.-slått i kappløp med vêrmeldinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. august 2019

Denne veka har vore full fart med 3.-slåtten. Det har vore gode forhold for grasvoksteren, og det ser ut til å bli bra avlingar. Dermed er det slett ikkje formangel slik at var i 2018, da fleire måtte redusere besetninga for å få foret til å strekke til.


Sauer på vidvanke

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2019

Ein sau med 2 lam har vorte ein slags kjendis i Todalen. Dei vart først observert i Ørsalbukta, men har målbevisst kryssa over Halsabrua fortsett etter strandlinja forbi Bordholmen stadion og Talgø MøreTre sin elementfabrikk på Kvennset no i føremiddag.


Full trøkk for 2.-slåtten hos Todalen Mjølk

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2019

Med gode vêrmeldingar for resten av veka nyttar Todalen Mjølk høvet til å starte 2.-slåtten for fullt. Med godt over 2000 dekar med gras på rot, er det tross alt nokre dagars arbeid å få gjort om alt graset til siloballar. Vi tok ein liten prat med Odd Harald Talgø som i kveldinga var i gang med slåtten i Husbytrøinn, der rundt 70 mål skulle slåast.


her kom det jammen ei hesje!

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. juli 2019

I dag er det langt mellom hesjene, men jammen finns det sorten enno. Gudmund Kvendset som er kårkall i Viastua har dei siste par dagane jobba med å sett opp ei hesje, og har i dag hengt ho full med gras til tørk. Høyvêret er det så som så med, men yr.no melder likare vêr frå komande helg, så vi får leve i håpet. Kanskje det går an å kutte ut stillongsen og da? I dag tidleg var det 6,5 på den ein og 7,0 grader på den andre gradstokken her – det kjentes ut som det var den på 6,5 grader som var rett. Nysnø i fjella var det og!


Siloslått for fullt – avling på det jamne

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juni 2019

Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt. Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk.


Kom til nyoppussa hønsehus i Pestua

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. juni 2019

Måndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.


Rekordtidleg siloslått – bra avling

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2019

Ola Kvendset har starta siloslåtten rekordtidleg i år. Årsaka til at han er så tidleg ute er at han har eksperimentert litt og satsa på sortar og frøblandingar som er ekstra tidleg på bakgrunn av fjorårets vanskelege fôrsituasjon. Tørke gjorde da at Ola fekk berre ein brøkdel av avlinga i førsteslåtten. Da var det ein god 3.-slått og innkjøpt fôr som redda situasjonen.


Godt å varra te!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I går kveld inviterte Ola Kvendset i Viastua til det årlege kusleppet for skuelystne Todalingar. Alt i alt skulle 36 kyr og kviger i alle aldrar endeleg få ut og starte vårsesongen 2019 med grønt gras under klovene. Damene tok slettes ikkje heilt av, men litt krumspring til ære for publikum bevilga dei seg. 


Klart for vårslipp og kåte sprell

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mai 2019

Måndag kveld blir kyrne i Viastua sleppte ut på beite for sesongen. Vi reknar med at det blir både kåte sprell og litt kamp om posisjon i hierarkiet. Det skjer kl 19.00 og alle som har lyst kan kome og sjå på.  Det blir salg av kaffe og bakels for kr 20 – Vipps og […]