Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor stas i fjøset på Hjellnes

Jon Olav Ørsal Sundag 4. april 2021

Det er sagt at saulamminga er vårens vakraste eventyr, og jammen er det stor stas med nytt liv i fjøset.  I Oppistua på Hjellnes er ikkje saulamminga komen i gang enno, men derimot har det vorte mange kje å kose med.  Nils Erik tek oss med på omvisning i gammelfjøset dei dei 5 geitene av rasen kystgeit held hus, og der er det full rulle med eit tital geitkje som held aktiviteten i gang.  

Nils Erik har hatt fullt opp i fjøset i påskeferien heime i Oppistua på Hjellnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter kvart kjem også brørne Lars Ailo og Tormund til, og her ser vi at det er god kontakt og gjensidig glede i samværet og leiken.  Tormund tykkjer kanskje det går litt for vidt, men det går bra.  Dei 5 kystgeitene er «importert» frå Stadtlandet og er ein gammel norsk rase som egentleg ikkje fantes i Møre og Romsdal lenger.  Per Åke Jakobsson som driv Oppistua på Hjellnes saman med kona Toril Gjeldnes fortel at han håper å få litt help av geitene til å halde krattskogen unna dyrkamarka.  Plana er å utstyre geitene med elektroniske «bjeller» som kan hjelpe med å halde styr på geitene og kanskje berge litt av blomsterhagen. 

Per Åke er optimist på vegne av saunÆringa – han trur næringa har ei framtid, og trur rovdyrplaga blir handterbar. Men det er behov for marknadsføring av produkta. Foto: Jon Olav Ørsal

Nok med 2 lam på kvar
Hovednæringa er saudrift i Oppistua – tilsaman har dei 184 vinterfora sau av rasen gammelnorsk spel utgjerv fleirtalet .  Men det finns og nokre fargaspel og nokre kvitspel i fjeøset.  Fosterteljinga tidlegare i vinter antydar at det blir mellom 390 og 400 lam i løpet av våre.  Det tykkjer Per Åke er i meste laget, og teljinga ga som resultat at det skulle bli 94 sauer som hadde 3- eller fleire lam. – eg synest det er nok med 2 lam, seier han og fortel at det fort blir ein del ekstraarbeid når det blir fleire. 

Optimist
Per Åke er optimist med tanke på framtida.  Han trur at sauenæringa har ei framtid, sjølv om det  har vore mykje fokus på jervproblem i samband med fjellbeiting. Det er no teke ut såpass mange jervar at eg trur det blir bra.  Vi må tåle at det er litt jerv og gaupe i området – da er det straks verre dersom bjørn og ulv etablerer seg fast i området, meiner Per Åke. Rundt 20. april startar lamminga i Oppistufjøset, og da blir det nok liv – både dag og natt, seier Per Åke til slutt.

Ylva og broren Nils Erik trives i sauefjøset, og har sine «eigne» sauer som sjølv sagt har fått namn og som sikkert også får ein og anna godbiten når dei kjem i fjøset. No er dei spente på kor mange lam dei får og om eit par veker startar lamminga. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. april 2021, 11:54