Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor tømmerdrift i Halanesset

Jon Olav Ørsal Måndag 14. februar 2022

Dei siste par åra har det pågått oppgradering av vegen frå Brusetbrua, innover Ramsøydalan vidare til Halanesset og Romåbrua.  No er vegprosjektet på det næraste ferdigstilt, og dermed er det klart for skogsdrift både i Romålia og innafor Romåa.  

Eit granfelt i Romålia «står for hogg» og skal køyrast ned til Romåbrua. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Sollid Skog som har hogstprosjektet, der det skal hoggast 4-5.000 m3 gran – og kanskje meir – no i vinter.  – Vi kjem nok iallfall til å halde på ut mars månad før vi er ferdige, seier Roar Sollid i Sollid Skog.  Dei ligg nærast i startgropa enno, men etter kvart vil dei nok få fart på sakene og på framdrifta. 

No er det ei hogstmaskin og ein lastbærar som er i drift, men dei ventar også på tredjemann som har med seg ei gravemaskin for å lage vegar for hogstmaskina og lastbæraren.  Etter som vi forstår er alle grunneigarane på Husby og Hala med på prosjektet som skal hogge mykje gran utover mot våren. 

Ei slik hogstmaskin kostar i dag 4,2 mill. Den er utruleg effektiv når den er i aksjon, seier Roar Sollid.

Da vi var i Halaneset på ein lynvisitt var det litt vedlikehaldsarbeid som stod på programmet.  – Vi må ha utstyr som fungerer dersom vi skal få effektiv drift i kvardagen, sa Roar Sollid.  Og effektiv drift skjønner vi er naudsynt, når ei slik hogstmaskin i dag kostar 4,2 mill.  

Håvard Engset Sollid er sjåfør på lastbæraren – den er skodd for å ta seg fram over alt. Foto Jon Olav Ørsal

her kjem eit lass med gran frå hogstfeltet i Romålia. Foto Jon Olav Ørsal

På lunningsplassen ved Romåbrua veks tømmerdungen for kvart lass. Her vil det nok bli køyrt ut tømmer etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal

Heile vegen innover til Romåbrua er opprusta – her frå Ramsøydalan. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. februar 2022, 11:09