Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gyda – vassføringa aukar enno i Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. januar 2022

Medan vassføringa i Surna nærmar seg 50-årsflaum så fortsett også Toåa å vokse, og var kl 16:00 i dag komen på 86 m3/sek som pr definisjon er 5-årsflaum.  Men som sag så er det enno auke i vassføringa, og ein må nok rekne med at toppen blir nådd først i kveld eller natt.

Vatnet har steget jamnt utover dagen – her bilde frå Hafallmelen mot ramsøya. Foto:JOØ

Nedbøren har ikkje ført til nokon betydelege konsekvensar, men vatnet har nok påført skade på nokre kommunevegar og private vegar.  På Markavegen så har vatnet vaska ut vegdekket på fleire plassar.  Ved Vassosen er det ein ispropp i elva, og det har ført til at vasosvatnet har gått over sine bredder og vaska ut vegen. i Tillegg har vatnet gått oppi vegen i Hesthagen og ved Talgø gard.

 

Skal du sjekke inn på turstien det næraste døgnet må du ha støvlar eller vadarar. Foto Elinor B.

Gapahuken i Båthølen ligg enno på tørt land, medan turstien er oversvøkka fleire plassar. Foto Elinor B.

I turstien har elva gått over stien på fleire plassar, men Elinor Bolme som leiar i trimgruppa reknar ikkje med at det blir noko vesentleg skade på stien i samband med fleumen.  

Litt spenning er det knytt til utviklinga i vassføringa det næraste døgnet.  I dag tidleg kl 05 var vassføringa 69 m3/sek og auka til 76 m3/sek i dag kl 12 og har altså auka til 86 m3/sek  no kl 16:00. 

Tove og Andreas Brøndbo er bekymra for avløpet frå det gamle raset i Falla – avløpet har gått tett fleire gong og gjer at vatnet hamnar i kanalen som går utover Brusetmarka. Foto JOØ

Moderat vassføring i Rossåa først på dagen, men auka på etter kvart utover dagen. Foto GKK

Lauvåa og Meet gikk over sine bredder og innover dyrkamarka Foto: JOØ

I Surnadal flyter det over…

Vi tek med eit bilde som viser at flaumen i Surnadal er av eit heilt anna kaliber – nærmar seg no grensa for 50-årsflaum. Bilde frå Skogveien viser vatn over all dyrkamar borti Øyagardå. Foto Kristin K.

 

Publisert: 13. januar 2022, 17:45