Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innspurt på 3.-slåtten – normal avling

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. september 2021

Todalen mjølk nyttar landvind og finvêr til å hauste inn siste rest av siloslåtten.  Ein liten prat med Ståle Ansnes i Todalen Mjølk avslører at årets slåttesesong står fram som eit normalår når det gjel avling.  3.-slåtten er på rundt 6-700 mål for Todalen Mjølk, og utgjer rundt ein tredel av det totale arealet dei har til rådighet. 

Både 1.- og 2. slåtten er å betrakte som normalår  når det gjeld størrelse på grasavlinga, og det er også god kvalitet på graset ettesom det har vore ein fin sommar.  3.- slåtten er vi nok litt seint ute med, men det har si orsak i at det har vore dårleg vêr den siste tida.

Riva blukes til å rake saman fleire skårer for å effektivisere ballpressinga. Foto: Jon Olav Ørsal

Ståle fortel at Todalen Mjølk no er i sluttfasen på 3.-slåtten, og har no rikeleg med fôr til å gå vinteren i møte.  – Vi har mellom 450 og 500 dyr som skal fôrast gjennom vinteren i dei tre fjøsa vi har i Pestua og på Ørsal.

Publisert: 30. september 2021, 08:57