Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stort snøfall og travle tider

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. februar 2022

I det nye året har vi hatt eit spesielt vêr – først var det mykje regn, og no er det mykje snø.  Og snøvêr det betyr snøbrøyting det betyr ekstra jobb for mannskapet på Todalen Mjølk.  Det har brøytinga både på fylkesvegane og kommunevegane (eks. Kårvatn) og brøyting av private vegar og rundt butikken og fabrikkanlegget på Kvennset. 

Dei site par døgna har det nærast gått i eitt, fortel Ståle Ansnes som er ein av 3 brøytarar hos Todalen Mjølk.  Det har 3 traktorar som er utrusta for brøyting, og ein som er utrusta for strøing når det er behov for det.  

Det er både mykje og tung snø som har kome det siste døgnet. Foto Jon Olav Ørsal

Dei siste døgna har det vore tung og blaut snø som er krevjande å handtere, og da gjeld det å ha utstyr som fungerer.  Det blir fort litt bortheft dersom ein må til å reparere og kanskje vente på deleleveransar.  Men stort sett går det da bra, sier Ståle.   

No er det meldt snø og snøslaps fram til helga, og så lovar meteorologane betre vêr over helga – og da setter vi vår lit til det!

Publisert: 10. februar 2022, 18:26