Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berre så flisa fyk

Jon Olav Ørsal Fredag 19. april 2024

På Husby har det i dag gått hardt utover lauvtrebestanden på tampen av dagen.  Det er Per-Åke Jacobsson som fliser opp olderstrangar som skal bli til strø i sauefjøset heime på Hjellnes. 

Per-Åke brukar gravemaskin med klo på for å mate flishoggaren. Foto Jon Olav Ørsal

Det var ein litt tøff jobb for flishoggaren som var montert på ein rimeleg stor traktor, men det gikk da stort sett fort unna når ein berre unngikk å kjøre fast knivane.  Produktet blir nok fin-fint strø som sauene kan nytte no når lamminge er komen i gang – det er iallfall eit naturprodukt.

Publisert: 19. april 2024, 18:44