Arbeidsutvalet i Todalen I.L. – 2026
Leiar: Endre Talgø
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Sondre Halset
Sekretær: Årsmøtet gir styret fullmakt
Grupper/Utval:
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Astrid L. Kvendset
Bygg- og anleggsleiar: Nils Ove Bruset
Driftsleiar Bordholmen: Nils Ove Bruset
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Brit Grønmyr, medlem: Ola Einar Øyen og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Harald Myrås, medlem for 2 år: Mari B. Redalen og medlem for 3 år: Jorunn Nordvik
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
TILs Julekalender – trekning for torsdag 18. desember
Vi er komne til dag nr 18 i rekkja fram til julaften – vi er i rute med trekkjinga, og gevinst nr 1 i dag er ein flott ullgenser som vart trekt ut til Borghild Betten Talgø. Vi er litt usikre på størrelsen, men det vil nok være nokon den passer til.
TILs Julekalender – trekning for onsdag 17. desember
Jula nærmar seg fort, vi er no inne i siste uka før julaftan, og vi held koken med trekning kvar dag fram til nettopp julaftan som er siste dag for julekalenderen. Første gevinst i dag er eit flott heimehekla sjal som vart trekt ut til Monika og Jostein på Hjellen.
TILs Julekalender – trekning for tysdag 16. desember
Vi er klare med trekninga for tysdag 16. desember, og for å gå rett på sak så er det eit par vottar som er første gevinsten i dag, og den heldige vinnaren er Gunn Talgø. Dermed er det klart at vottane hamnar i Oslo hos Gunn som bur der.
TILs Julekalender – Trekning for måndag 15. desember
I dag startar vi på den siste heile veka før jul, og er på plass med 4 nye gevinstar som skal fordelast på loddkjøparane. Første gevinst ut er eit sett heimestrikka gryteklutar som vart trekt ut til Bjørn Kvendset som vinnar.
TILs julekalender – trekning for 14. desember 2025
Da er 4 nye gevinstar i ferd med å få nye eigarar – den første gevinsten som vart trekt ut er ei strukkalue som vart vunne av Ingri Bruset.
TILs Julekalender – trekning for laurdag 13. desember
Da er trekninga klar for laurdag 13. – fremdeles er det 4 gevinstar som er trekt ut til dagens trekningsliste. Første gevinst i dag er ei brødkorg som var vunne av Elin Tørset Brøske.
TILs Julekalender – trekning for fredag 12. desember
Da er vi faktisk komne halvegs med trekninga i TILs Julekalender for 2025. No har vi altså trekninga klar for fredag 12. desember, og første gevinst ut i dag er eit brett med egg som vart trekt ut til Karen Johanne Talgø på Vestrum. Det er også i dag 4 gevinstar som skal fordelast.
TILs Julekalender – Trekning for torsdag 11. desember
Vi er komne til den 11. desember og vi er klare med 4 nye gvinstar som er trekte ut til i dag kl 06:00. Den første gevinsten i dag er ein sekk tørr bjørkeved som var trekt ut til Maria Bergli på Sandstad. Den første gevinsten hamna altså på Kvennset.
TILs Julekalender – trekning for onsdag 10. desember
Ny dag med nye kort og nye sjangser – det er iallfall 4 nye gevinstar som skal bli heldige vinnarar i TILs julelotteri. Den første gevinsten i dag er eit par vottar med elgmotiv som vart trekt ut til Toril Redalen. Dei tre neste gevinstane har også fått nye eigarar
TILs Julekalender – Trekning for tysdag 9. desember
Nok ein dag med 4 kortreiste gevinstar som er klare for nye eigarar. Dagens første gevinst er ei juleribbe som vart trekt ut på Mari Hafsås som den heldige vinnar – vi reknar med at det passar godt etter som det er berre 15 dagar att til jul.
TILs Julekalender – trekning søndag 7. desember
I dag er det 2. søndag i advent, og vi er på plass med trekning for dag 7 på Adventskalenderen. Da må det høve bra at det er 3 hekla englar som er første gevinst i dagens trekning. Den heldige vinnaren er Torkjel Ansnes Moe. Bla om så får du sjå kven som er dei tre andre vinnarane i dagens trekning:
TILs Julekalender – trekning for laurdag 6. desember
Ny trekning i TILs Julekalender for laurdag 6. desember og ein ny dag med 4 nye gevinstar som skal fordelast mellom ivrige loddkjøparar rundt omkring i Noregs land. Dagens første gevinst er ei flott toalettmappe som vart trekt ut til Marie Ness som altså er busett i Molde.
