Styret i 2019:
Leiar: Håvard Halset
Nestleiar: Odd Magne Haugen
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Sekretær: Trond Stenberg
Styremedlemer: Erling Talgø og Ståle Ansnes
Nyheter knytta til Søya og Todalen Skytterlag

Årsmøtetid – Søya og Todalen skytterlag
Måndag 27. november kl 20 inviterer Søya og Todalen skytterlag til årsmøte på Talgøfabikken på Kvennset. Vanlege årsmøtesaker står på saklista, og laget byr på enkel servering under møtet. Eventuelle saker til årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende innan 20. november.

Gamle børser bommer mest….
Ja, det får være Øystein Sundes ord, for på skytebanen i Ranheimsvingen der er det treffsikre skyttarar på standplassen. Da vi stakk innom hadde dei aller fleste gjort unna skytinga og med god resultat. Søya og Todalen skytterlag er iallfall i full gang med skyteprøver til storviltjakta – no blir det skyting kvar måndagskveld frå kl 18 til kl 20 heilt til utangen av august.

Ny jaktsesong: – Klart for oppskyting
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.

Skytterlaget: Endrar dato for årsmøte til 25. oktober
Tillyst årsmøte for Søya og Todalen Skytterlag måndag 24. oktober blir flytta til tysdag 25. oktober, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no. Det er kollisjon med andre årsmøter som er årsak til denne endringa.

Søya og Todalen skyttarlag – tid for årsmøte
Måndag 17. oktober arrangerer Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte. Det skjer i klubbhuset på Vang skistadion og startar kl 19.30, melder styret.

Godt oppmøte til skyteprøve
Førebuingane til storviltjakta er i god gang, og på skytebanen til Søya og Todalen skytterlag i Ranheimsvingen var det i kveld stor aktivitet. Når det obligatoriske prøveskotta var unnagjort, var det berre å prøve seg på sjølv skyteprøven som er 5 skott på dyrefiguren og alle må treffe innafor ein sirkel på 30 cm i […]

No begynner det å haste med skyteprøve…
Har du fått gjort unna skyteprøven før hustjakta startar? Det er no 3 måndagskveldar att med skyteprøve på skytebanen i Ranheimsvingen. To av dei kveldane er du nødd til å møte på skytebanen for å skyte 3o treningsskott før skyteprøven kan gjennomførast. Det blir arrangert skyteprøve dei 3 måndagskveldane som er att i august – […]

Oppskytinga starter komande måndag
Det er tid for å førebu seg på jaktsesongen i gjen – alt komande måndag startar Søya og Todalen skyttarlag med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen. Her blir det skyting på måndagskveldar alle måndagskveldar fram til utgangen av august – unnateken måndag 4. juli. Skytinga skjer i tidsromm 18.00 – 20.00

Håvard Halset ny leiar i skyttarlaget
Forleden hadde Søya og Todalen Skytterlag årsmøte på Gammelfabrikken. Der vart Håvard Halset valt til ny leiar i laget, medan resten av styret fortsett, melder styret i laget. Søya og Todalen Skytterlag er ei samanslutning av dei to laga Todalen skyttarlag og Søya skytterlag, og dei har sitt baneanlegg i Ranheimssvingen på Kvanne. Det nye […]

Storviltjakta 2015
Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.

Innkalling til årsmøte i Søya og Todalen skytterlag
Torsdag 17. mars kl 19.30 blir det årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka. På dagsorden står vanlege årsmøtesaker og enkel servering. Eventuelle saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 12. mars.

Jaktdag på Felleskjøpet
Jakta på hjort er godt i gang, og den 10. september er det også klart for årets elgjakt. I den anledning ønsker Felleskjøpet å innvitere til jaktdag førstkommande tirsdag. Dei lover gode tilbud, enkel servering og utveksling av erfaring.