Styret i 2019:
Leiar: Håvard Halset
Nestleiar: Odd Magne Haugen
Kasserar: Tove Talgø Brøndbo
Sekretær: Trond Stenberg
Styremedlemer: Erling Talgø og Ståle Ansnes
Nyheter knytta til Søya og Todalen Skytterlag

Talgøpokalen til beste samanlagt
Rindalsfelten er eit av dei største felstemna i Midt-Norge, der dei samlar langt borti 200 deltakarar til feltskyting. Arrangementet er eit samarbeid mellom Rindal skyttarlag, Rindalsskogen skyttarlag og Lomundal skyttarlag, og er eit dobbeltstemne der dei kjører fullt program på begge skytingane. Den gjevaste premien denne dagen er nok Talgøpokalen som er ein vandrepokal som går til beste skyttar sammenlagt på grovfelten.
Les heile saka
Søya og Todalen skyttarlag med årsmøte
Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.
Les heile saka
Mykje folk på oppskyting
Måndagskveldar blir det arrangert oppskyting av Søya og Todalen Skyttarlag, og vi har fått bilete frå oppskytinga i går. Den foregikk på skytebanen til skyttarlaget i Ranheimsvingen på Kvanne, og det var så mykje folk som møtte at alle skytebanene var fulle heile tida.
Les heile saka
Klart for skyteprøve
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.
Les heile saka