Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgøpokalen til beste samanlagt

Talgøpokalen til beste samanlagt

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. april 2011

Rindalsfelten er eit av dei største felstemna i Midt-Norge, der dei samlar langt borti 200 deltakarar til feltskyting. Arrangementet er eit samarbeid mellom Rindal skyttarlag, Rindalsskogen skyttarlag og Lomundal skyttarlag, og er eit dobbeltstemne der dei kjører fullt program på begge skytingane. Den gjevaste premien denne dagen er nok Talgøpokalen som er ein vandrepokal som går til beste skyttar sammenlagt på grovfelten.

Talgøpokalen er ein stor og staseleg vandrepokal i sølv, som må vinnast 3 gonger før du får han til odel og eige. Elmer Talgø som er dagleg ledar i T-Komponent seier at det er eit aktivt skyttarmiljø i bygda, og han sett pris på at Talgøkonsernet fikk være med og stimulere innsatsen i miljøet.

Det er påmeldingsfrist til fredag 8. april og program og påmeldingsskjema finn du her.  Det er også muleg for påmelding på ledige plassar fram til kl 12 på stemnedagen, med oppmøte på Granlund i Romunstadbygda.

Publisert: 7. april 2011, 19:00