Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Søya og Todalen skyttarlag med årsmøte

Søya og Todalen skyttarlag med årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 15. november 2010

Måndag kveld var det årsmøte i Søya og Todalen Skyttarlag i Todalen ungdomshus. Frå årsmeldinga saksa vi at laget har registrert 113 medlemar, som er omtrent uendra frå året før. Hovudaktiviteten gjennom det siste året har vore oppskyting til jegerprøven, da det ikkje har vore arrangert skyttarstemne dette året. Laget har i år eit solid overskot, så økonomien er sunn og god, fortalte ledaren i laget John Moe.

John Moe fikk fornya tilliten som ledar i laget, og etter valget ser tillitsmannslista slik ut:
Ledar: John Moe, gjenv.
Nestledar: Håvard Halset, ny
Kasserar: Elin Margrete Røen
Styremedelmar: Nils Magne Røen, Bjørn kvendset, Arne Eide og Martinus Nes
Varamedlemar: Trond Stenberg, Terje kvande og Knut Halset
Revisorar: Erling Myrbostad og Jostein Hausberg
Anleggskomite: Per Haugen, Olav Arne Nes og Kristian Gjeldnes
Valgkomite: Odd Magne Haugen, Ola Røe og Kristen Bruset

Publisert: 15. november 2010, 23:00