Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No begynner det å haste med skyteprøve

Jon Olav Ørsal Måndag 13. august 2018

     No er det høgsesong for oppskyting  – alle som skal på storviltjakt må kvart å ta skyteprøven som er 5 skot på hjortviltfigur på 100 meteren.  – Og alle skotta må treffe innafor sirkelen på 30 cm.  Men før du får ta skyteprøven, så må du ta 30 prøveskot med jaktammunisjon.  Det er Søyå og Todalen skytterlag som arrangerer skyteprøven her lokalt, og det skjer i Ranheimsvingen.

Vi ligg bra an med både prøveskott og skyteprøvar, men så er det berre to kveldar att, konkluderer Håvard Halset. Her saman med John Moe som var sekretær og Ivar Stenberg som blir registrert i rullane til skyttarlaget. Foto: Jon Olav Ørsal

Søya og Todalen skytterlag starta før ferien med skyteprøver, og bortsett frå ein liten pause i jule har det vore skyting kvar måndagskveld. No er det berre 2 måndagskveldar att, så dersom du ikkje har starta med prøveskyting så begynner det å haste – du må nemleg dele dei 30 prøveskotta på to kveldar, før du kan ta skyteprøven.

Men Håvard Halset trur dei ligg godt an med skytinga, for det er veldig mange som alt har gjort unna både prøveskotta og skyteprøven. No gjeld det berre å få hit etternølarane slik at vi får gjort unna alle på dei to siste kveldane – måndag 20. og 27. august.

Magnar Gjeldnes (nærast) og Erling Talgø klistra skivene mellom kvar omgang. Foto: Jon Olav Ørsal

Mot skivene – 5 skot ild – kommanderer standplassleiar Martinus Grønnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Bra oppmøte på skytebanen i kveld – no begynner det å haste med oppskyting. Foto: Jon Olav Ørsal

Og på bakrommet gikk jaktpraten, som korta ned ventetida til det vart ledig plass på standplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. august 2018, 19:53