Det er tid for å førebu seg på jaktsesongen i gjen – alt komande måndag startar Søya og Todalen skyttarlag med skyteprøver på lagets skytebane i Ranheimsvingen. Her blir det skyting på måndagskveldar alle måndagskveldar fram til utgangen av august – unnateken måndag 4. juli. Skytinga skjer i tidsromm 18.00 – 20.00
Det blir altså skyting 20. og 27. i juni – måndagane 11., 18. og 25. juli og i august blir datoane den 1., 8., 15., 22. og siste kveld måndag den 29. Alle kveldane 18-20. Laget sørger for dei vanlegaste ammunisjonstypane til skytinga, melder leiar Håvard Halset. Han oppfordrar jegarane til å starte oppskytinga i god tid, slik at ikkje alle kjem dei siste kveldane – hugs at det må skytast 30 treningsskott før skyteprøven kan gjennomførast.