Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jakta nærmar seg – tid for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2023

Søya og Todalen Skytterlag er forlengst i gang med skyteprøve for storviltjakta.  Kvar måndag skveld i juni, juli og august er det skyting på lagets bane i Ranheimsvingen.  Alle må dokumentere 30 prøveskot på to kveldar, før dei får prøve seg på skyteprøven som foregår på dyrefigur.  Skyteprøve består av 5 skot mot dyrefiguren og alle 5 må være treff innafor ein sirkel på 30 cm. 

Mange frammøtte og full standplass på kvart lag så lenge vi var der. Foto Jon Olav Ørsal

Sist måndag var det bra oppmøte, og standplassen var full og alle skiver opptekne medan vi var der, og det såg ut til å være mykje bra skyting, så den eine etter den andre fikk godkjent prøve og dermed klarering for ein ny sesong på storviltjakt. 

Magnar klistrar dyrefiguren. På skyteprøven skytes det 5 skot, og alle fem må være treff innafor ringen på 30 cm. Her skimtar du ringen på bildet. Foto Jon Olav Ørsal

1 september startar hjortjakta og reinsjakta startar enda tidlegare, så egentleg begynner det å haste litt for den som enno ikkje har funne fra jaktrifla og starta planlegginga. Som sagt er det skyting på banen i Ranheimsvingen kvar måndagskveld mellom 18 og 20, og siste skytekveld er 28. august. 

Odd Magne Haugen ordna med kvittering for avlagt skyteprøve for Lars Torslett – dermed er Lars klar for ein ny jaktsesong. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. juli 2023, 19:41