Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første kveld med oppskyting er 27. juni

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juni 2022

Snart startar oppskytinga til jegerprøven – første kveld i Ranheimsvingen blir måndag 27. juni frå kl 18:00 og utover. Etter to år med pandemi er samfunnet opna igjen, og iår er det igjen normalt program med 30 prøveskott og alle må fullføre skyteprøve for kvart rifleløp som skal brukast på storviltjakt, melder Søya og Todalen skytterlag. 

Prøveskott må takast over 2 kvaldar, med maks 15 skot kvar kveld. Sjølve skyteprøven foregår mot dyrefigur, der det skytes 5 skot, som alle må være treff innafor sirkelen på skiva for å få bestått på prøven. 

Som sagt er første oppskyting måndag 27. juni og vidare blir det skyting kvar måndagskveld til og med måndag 29. august, i tidsrommet 18:00 – 20:00.  Nytt i år er at du kan betale med Vipps!

På skytebanen i Ranheimsvingen – arkivfoto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. juni 2022, 05:00