Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for oppskyting

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

Sjølv om vi akkurat har passert midtsommar, og det er ei lita stund til jakta tek til, så må dei som har tenkt seg på jakt ta til å førebu seg allereie no. Søya og Todalen Skyttarlag startar opp med oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen måndag 3. juli mellom klokka 18:00 – 20:00.

Søya og Todalen Skytterlag opplyser at det vil vere mogleg å skyte opp kvar måndag fram til og med 28. august i tidsrommet klokka 18:00 – 20:00.  

Skyttarlaget har Vipps for betaling. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 28. juni 2023, 17:15