Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny jaktsesong: Klart for skyteprøve i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Søya og Todalen skytterlag startar ny sesong med skyteprøve for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen – første kvelden er komande måndag 21. juni og så blir det 10 måndagar framover til siste kveld 23. august.  På grunn av koronasituasjonen vil det heller ikkje i år bli krav om treningsskot på skytebanen, men skyttarlaget vil likevel anbefale at jegrane skyt mest muleg og førebur seg godt til jakta. 

Kvar måndagskveld i perioden startar skytinga kl 18 og går fram til kl 20, og slik som før får du kjøpe ammunisjon til skytinga dersom du brukar dei mest vanlege kalibrane. På skytebanen gjeld vanlege smittevernreglar med hensyn til avstand osv.   Vel møtt til jaktskyting på skytebanen i Ranheimsvingen! 

 

 

Publisert: 15. juni 2021, 07:52