Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg men utradisjonell songkveld

Triveleg men utradisjonell songkveld

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mars 2012
Salmeskatt i Jeans og bunad hadde dirigent Bernt Bøe kalla songkvelden i Todalen kyrkje onsdag kveld. Og med det signaliserte han ein stor variasjon i programmet, der korsongen nok dominerte på denne songkvelden. Den var eit samarbeid mellom Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Men programmet var krydra med både deklamasjon, solosong og orgelmusikk, og spente frå tangorytmer til Bach-koral, ispedd både allsong, folketonar og klassisk.
Eit femtitals publikum hadde møtt fram, men det kunne godt ha vore fleire. Dei som var der fekk i alle fall full utteljing. Bernt Bøe batt heile programmet saman på ein framifrå måte, slik at det vart både interessant og underhaldande og publikum rakk ikkje å bli leie sjølv om programmet spente over heile to timar.
I tillegg til korsongen fekk vi høre ein fantastisk solosong med Sigrid V. Bøe, som framførte «Å leva det er å elska» og «Fager kveldsol smiler» i ny tonedrakt av Marthe Stavrum. Torgrim Tunes deklamerte to dikt «På veien ute i verden» (Hallquist/Skeie) og «Syng i stille morgenstund» (Blix). Rindalsorganisten Daniel Bjørlo trakterte orgelet i Todalskyrkja denne kvelden, og vi fekk høre Allegro, Koral og Fuge av Mendelssohn, og han rundet av kveldens program med «Velt alle dine veier». Og etter konserten serverte soknerådet kyrkjekaffe.
I bildegalleriet finn du fleire bilde frå konserten.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal
 
Publisert: 9. mars 2012, 06:00