Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:
Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 6. november klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet under allehelgensgudstenesta går til kyrkjelydsarbeidet på vipps 506908.

Bispebesøk i Surnadal
Mørebiskop Ingeborg Midttømme har visitas i Surnadal siste veka i oktober. Kyrkjesokna legg opp til eit allsidig – og annleis – program. Konstituert prost Vidar Rygh og lokalstaben tek bispefølgjet rundt i kommunen for å vise noko av det pulserande livet i bygdene.

Konsertkveld med kulturell påfyll
Det var sokneråda i Todalen og Stangvik som stod som arrangør av konsertkvelden i Stangvik kyrkje fredag kveld. Soknerådsleiar Rannveig Brøske sa det så rett, at ein slik kveld trong vi no! Det er så lenge sia sist vi har hatt slike arrangement og det var godt med publikum i kyrkja. Bernt Bøe hadde regien på programmet, og hadde med seg P17-koret, men han hadde i tillegg fått med tenoren Harald Bjørkøy, barytonsongaren Svein Volle og komponisten Ole Karsten Surndlisæter på orgel og piano – og ikkje minst allsongen.

Konsertkveld i Stangvik
Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje. Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.

50-årskonfirmantjubileum
I dag hadde Todalen sokneråd invitert dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1972, til 50-årskonfirmantjubileum. Også neste års konfirmantar var invitert til feiringa. Første post på programmet var gudsteneste i Todalen kyrkje. Der var det Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist.

Tenorperler og salmeslepp i Stangvik kyrkje
Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.

Gudsteneste og 50-årsjubileum
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste, saman med årets 50-års jubilantar, i Todalen kyrkje søndag 9. oktober klokka 11:00. Her vil også neste års konfirmantar bli presentert. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.

Busstur til Nidarosdomen søndag 25. september
Sokneråda i Stangvik, Todalen og Åsskard inviterer søndag 25. september til busstur til Nidarosdomen i Trondheim. Første post på programmet blir gudsteneste i Nidarosdomen, før det blir lunsjbuffé på Ni Muser. Etterpå blir det guida omvisning i Nidarosdomen.

Grøn og frodig kyrkjedag
– Grønaste dagen i kyrkjeåret, sa Torbjørn Brøske da han innleia søndagens hausttakkefest i Todalskyrkja.
Både den grønfarga stolaen på prestedrakta og kledet på lesepulten viste at vi er inne i vekstperioden – treeiningstida, forklarte Torbjørn, som no har vikarstilling som sokneprest utover hausten
Hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag
Todalen Sokneråd inviterer til hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag 4. september klokka 11:00. Det blir også utdeling av bøker til 4 og 6-åringane. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt G. Bøe er organist.

Utegudsteneste i arboretet søndag
Søndag 21. august klokka 11:00, inviterer Todalen sokneråd til utegudsteneste i Svinviks arboret. Dersom det blir dårleg ver blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje, til same tid. Eventuell flytting vil bli annonsert her på Todalen.no, så følg med!

Kyrkjedag i Todalen: Grøda og arbeidsfolka
Å koma til Todalen kyrkje er ei fin oppleving. Den opne kyrkjeporten attmed allmannavegen er som ein invitasjon – inn til eit velstelt uteområde og ei vakker kyrkje, både utanpå og inni. Dette tiltalande er for ein stor del resultat av dugnadsinnsats. Kanskje meir enn bygder flest viser Todalen såleis eit respektfullt eigarforhold til kyrkja si. Kyrkjegarden […]