Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:
Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad
Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Konsertkveld i Stangvik
Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje. Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.

50-årskonfirmantjubileum
I dag hadde Todalen sokneråd invitert dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1972, til 50-årskonfirmantjubileum. Også neste års konfirmantar var invitert til feiringa. Første post på programmet var gudsteneste i Todalen kyrkje. Der var det Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist.

Tenorperler og salmeslepp i Stangvik kyrkje
Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.

Gudsteneste og 50-årsjubileum
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste, saman med årets 50-års jubilantar, i Todalen kyrkje søndag 9. oktober klokka 11:00. Her vil også neste års konfirmantar bli presentert. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.

Busstur til Nidarosdomen søndag 25. september
Sokneråda i Stangvik, Todalen og Åsskard inviterer søndag 25. september til busstur til Nidarosdomen i Trondheim. Første post på programmet blir gudsteneste i Nidarosdomen, før det blir lunsjbuffé på Ni Muser. Etterpå blir det guida omvisning i Nidarosdomen.

Grøn og frodig kyrkjedag
– Grønaste dagen i kyrkjeåret, sa Torbjørn Brøske da han innleia søndagens hausttakkefest i Todalskyrkja.
Både den grønfarga stolaen på prestedrakta og kledet på lesepulten viste at vi er inne i vekstperioden – treeiningstida, forklarte Torbjørn, som no har vikarstilling som sokneprest utover hausten
Hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag
Todalen Sokneråd inviterer til hausttakkefest i Todalen kyrkje søndag 4. september klokka 11:00. Det blir også utdeling av bøker til 4 og 6-åringane. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt G. Bøe er organist.

Utegudsteneste i arboretet søndag
Søndag 21. august klokka 11:00, inviterer Todalen sokneråd til utegudsteneste i Svinviks arboret. Dersom det blir dårleg ver blir gudstenesta flytta til Todalen kyrkje, til same tid. Eventuell flytting vil bli annonsert her på Todalen.no, så følg med!

Kyrkjedag i Todalen: Grøda og arbeidsfolka
Å koma til Todalen kyrkje er ei fin oppleving. Den opne kyrkjeporten attmed allmannavegen er som ein invitasjon – inn til eit velstelt uteområde og ei vakker kyrkje, både utanpå og inni. Dette tiltalande er for ein stor del resultat av dugnadsinnsats. Kanskje meir enn bygder flest viser Todalen såleis eit respektfullt eigarforhold til kyrkja si. Kyrkjegarden […]

Cathrine Grutle takkar av
Med gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag takkar Cathrine Grutle av som vikarprest i Stangvik-området. Siste året har den tidlegare Tingvoll-presten vikariert for Kristin Strand i Stangvik, Todalen og Åsskard kyrkjelydar. Cathrine har fått prestestilling ved Bergen – i området der mannen Leif Endre er tilsett som prost. Det er Åsskard sokneråd som melder at ho […]

Rakedugnad på kyrkjegarden
Todalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!

Flott konfirmasjonsgudsteneste
Dagens konfirmasjonsgudsteneste vart ei verdig avslutning både for konfirmasjonsopplæringa for dei to konfirmantane og for vikarprest Cathrine Grutle som hadde si siste gudsteneste i Todalen kyrkje før ho flyttar herifrå. Konfirmantane har fått konfirmantopplæring det siste året, og markerer altså avslutninga med konfirmasjonsfest. I år var det to konfirmantar i Todalen – Nora Kårvatn og Shan Allan Halle