Søndag inviterte Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. På denne 5. søndagen i openberringstida var det Pål Arne Winsnes som var liturg, Borghild Betten Talgø var tekstlesar og Amund Valde var organist.
Eit stort trettital møtte opp for å vere med på gudstenesta denne søndagen. Gudstenesta vart strøyma, så den som vil kan sjå gudstenesta ved å trykke på lenka nedanfor:
Etter gudstenesta inviterte soknerådet kyrkjelyden til kyrkjekaffe og sosialt samvær, ei koseleg og verdig avslutning på ei fin gudsteneste.